fredag 8. mars 2013

På is...

Som de ser av innlegget på bloggen min i dag, og sikkert skjønar ut frå aktiviteten her inne, ligg dette firma-prosjektet på is for ei stund. Men berre ta kontakt for evt. skriveoppdrag eller print av dikt, kan sikkert fiksa noko om det er særskilt interesse for det!

søndag 1. januar 2012

Spanande nytt år...

Vil berre ynskja de som er innom her av og til, eit godt nytt år!!

Sidan eg er slik i startfasen med firmaet, og ikkje heilt har funne mitt marked endå, blir det ikkje så mange oppdateringar endå ser eg. Men eg lovar å skriva når det skjer noko! Må finna ut av alle slags reglar, (t.d. bokføring) så ikkje eg gjer noko feil, er blant anna difor ting tek litt ekstra tid. Har forresten oppdatert litt på sida som heiter "produkt med dikt".

Mine håp for dette året, i firmasamanheng, vil bli at eg så snart som mogleg får firmasida diktfordeg.no oppe og går, og finn ut kva produkt/tenester eg skal satsa meir særiøst på. Og at eg, når eg har funne ut av dette, tør å satsa, og jobba med å koma inn på markedet så eg kan jobba meir med det eg likar å driva med:)

Det er ikkje nett pengane som driv meg, då hadde eg vel gitt opp for lenge sidan. Men ser at det er veldig gjevande å få lov å skriva dikt og ord som treff andre, og på ulike måtar kan hjelpa folk. Så håpar at det er noko eg kan få meir tid til i det komande året.

Håpar dette året blir spanande og kjekt!

Helsing Kristin

lørdag 3. desember 2011

Ny julemesse, og oppdatering!

I dag var eg på ei julemesse til, på Evanger! Selde julekort og bilete og boka mi, og det gjekk ein del kjøleskapsmagnetar også... Kjekt:) 

Har registrert domenet diktfordagen.no, og jobbar med å få laga ei skikkeleg heimeside der. Men merkar at ting tek tid no i oppstarten av firmaet, og eg må berre bruka den tida eg treng. Orkar ikkje stressa med alt på ein gong. Har også oppretta ein butikk på epla, som eg skal publisera når den er klar!

No i desember skal eg på eit gratiskurs i bokføring hjå Skattetaten, er ein del å setja seg inn i i forhold til dette! Og så må eg prøva å finna ut kva produkt eg skal satsa meir på. Har tru på at eg kan få til å laga fleire typar kort, liknande julekorta eg sel no.

Kanskje eg kan få avtalar med bokhandlarar og blomebutikkar om å få selt dei der? Spesielt har eg lyst til å skriva fine dikt å gje til menneske i sorg. Dette er også fleire av dykk som har tipsa om, takk!

Trur også eg kan få til å ta skriveoppdrag, men her slit eg litt med markedsføring. Det er så mange som kan slikt, korleis skal eg liksom skilja meg ut i mengda? Får tenkja på det... God helg til dykk som er innom i alle fall:)

tirsdag 15. november 2011

Oppdatering

Så var julemessa gjennomført, og eg har skrive litt om det her. Alt i alt er eg godt fornøgd, spesielt sidan det var fyrste gongen, og det var få som visste eigentleg kva eg held på med, og hadde å tilby. Sit att med ein del produkt, som eg kjem til å leggja ut for sal. Men trur eg gjer det på epla-butikken som eg held på med å oppretta!

Elles har eg seld ein del av julekorta eg har laga, både til slekt og vener og til bloggevener! Snille Janne Tove fekk korta sine i dag, og ut frå dette innlegget, ser det ut som ho er godt fornøgd. Jippi :)

 Eg har også registrert domenet diktfordeg.no, og vil etter kvart laga meg ei skikkeleg heimeside der, og få mailadresse diktfordeg@diktfordeg.no , eller kanskje kristin@diktfordeg.no. (DESSE GJELD IKKJE ENDÅ!) Likar å dilla med slike ting, men lyt ta det litt på sikt, for no ser det ut som det blir lærarjobbing kvar dag framover. Dog ikkje fulle dagar, heldigvis:)

Kjenner på meg at det er litt stress med både firma og jobb nett no, men trur det blir betre når eg får meir oversikt over kva eg skal gjera på jobb framover, og kjem heilt inn i det. Vil snart byrja å laga meg ein handlingsplan for firmaet, der eg planlegg kva eg skal gjera framover for å etablera meg og finna eit marked å trivast i.

torsdag 10. november 2011

I gong!

No har eg endeleg registrert firmaet mitt. Fått organisasjonsnummer og det heile. Gjett om eg har kalde føtter då... Men tenkjer at dette er eit forsøk, og så får det bera eller brista. Eg toler nok begge delar! Med ein gong firmaet var registert, var 180.no "på døra", og ringte og ville ha meg med i katalogen sin over bedrifter. Eg hadde i grunn ikkje tenkt å bruka så mykje pengar på markedsføring, sidan eg ikkje heilt endå har funne ut kva veg eg vil gå med firmaet, og tenkte bruka vårhalvåret på å finna litt ut av om dette var liv laga. Men så fann eg ut at måten å vita dette, er jo å tilby seg på markedet og sjå om nokon er interessert i det eg har å tilby. Kva no det kan vera... ;)  

Mannen frå 180.no meinte eg hadde alt å vinna på å stå i katalogen deira, så eg prøver ei pakke hjå dei, og tenkjer at det blir nok den markedsføringa eg prøver ut i fyrste omgong. For å ha noko konkret å visa til der, står det at eg kan hjelpa firma med å finna slagord. Det trur eg faktisk er noko eg kan få til! Men spørs om nokon er interessert sidan eg ikkje har høgare utdanning innan markedsføring, eller er tilknytta noko reklamebyrå.  Uansett er det spanande å prøva.

Så no jobbar eg berre meg å kjøpa domenet diktfordagen.no, og laga meg ei heimeside der som presenterer firmaet litt meir enn denne bloggen gjer. Her blir det jo mest informasjon om framskritta eg tek som bedrift, oppturar og nedturar, og produktinformasjon. Kva eg eksakt kan tilby, er nok lurast å presentera på ei eigen side. Hadde eit innlegg om logoen min, og der fekk eg hjelp av greie Anne Severine. Så no har eg fiksa litt på den, og den dukkar nok opp i headeren min om ei stund. Her ser de den oppdaterte. Gje gjerne ein lyd om du ser meir eg kunne ha fiksa på!

lørdag 5. november 2011

Eg har seld julekort!

Jeppjepp, tru det eller ei, no er eg i gong altså! Korta fekk eg frå trykkeriet ("Kort & Godt") for nokre veker sidan, fire ulike kort med figurdikt på framsida, forma som juletre, hjarte, stjerne og engel. Det er slike "brettekort", i vanleg storleik (A6?), tomme inni og med logoen min bakpå. Godt fornøgd med korta, men då dei var vel på plass, kom eg på at eg kanskje burde ha konvoluttar også... Leita litt rundt, og fann nokon fine gråbrune og ikkje altfor dyre, heldigvis! Så har eg kjøpt cellofan til å fiksa pakker på fire kort/konvoluttar, og eigne klistremerke til å festa cellfonanen saman, med påskrifta "Nissefri julepoesi". Ikkje at eg ikkje likar nissar, men synest kanskje dei kan ta litt vel overhand av og til.

Prøvde å skriva dikt som gjenskapar litt av julestemninga på ulike måtar, og har fått god respons av dei som har lese og kjøpt! Og for ordens skuld: nei, julemessa er neste helg, men det var dei kjekke kursdeltakarane på etablerarkurset eg har gått på, som kjøpte no på siste samlinga. Eg fekk til og med applaus for at eg var kome så langt med bedrifta mi. Vart som vanleg både flau og raud, men klarte å seia takk! Og ikkje mumla fram noko om at eg sikkert kunne gjort noko betre... Vanskeleg det der med å ta imot skryt altså! For eg ser jo alltid kva som kan bli betre. Men øver meg i å ha trua på at ting eg har jobba ei stund med, er gode nok som dei er!

Her ser de bilete av ei kortpakke eg held på å pakka inn. De klarar kanskje å lesa eit par av dikta om de har godt syn? Kjem ikkje til å leggja ut dikta som tekst her endå i alle fall, må jo vera litt eksklusivt for dei som kjøper korta. (Og så er det jo ikkje jul endå, hallo!) Om nokon får veldig lyst til å kjøpa ei kortpakke, kan de ta kontakt på diktfordeg@hotmail.com. Den vil i så fall kosta 120 kr inkludert porto:)



(Skreiv sist at eg skulle registrera firmaet, det har eg ikkje klart å vimsa meg til å gjera endå, for eg må ta meg ein siste prat med NAV fyrst. Det skal eg på måndag, og SÅÅÅ....)

Ha ein god laurdagskveld!

onsdag 2. november 2011

Snart registrert...

I dag var eg på etablerarkurs igjen, og i morgon er siste gongen. I morgon eller fredag skal eg inn og registrera meg som bedrift. Har avventa det litt, men no var kursleiarane litt strenge og sa at det var berre til å hoppa i det... Så snart har eg organisasjonsnummer og heile pakka!

Har bestilt tre ulike bilete med tekst på lerret. Og konvoluttar. 400 julekort (fire ulike design) er allereie på plass, og då kom eg brått på at det kanskje hadde vore ein idè med konvoluttar også, sidan korta er slike samanbretta... Eg fann ein stad der dei hadde natur-brunaktige konvoluttar, som eg håpar blir stilige saman med korta!

I morgon tek eg korta med og viser til dei andre på etablerargruppa, spend på kva dei synest om kort og dikt og logo og slikt! Legg sikkert ut bilete av korta her også etter kvart, men no vart det berre tid til ei kjapp oppdatering før eg hoppar til sengs. Kjekt de er fleire som vil fylgja meg! Blir nok meir info rundtom på sida her etter kvart, men har venta litt på den der registreringa... Skumle greier;)